Monday, January 23, 2006
Fagdidaktisk oppgave
Mål:
• I oppgåva skal studenten vise kunnskap om og dugleik i læreplananalyse, prinsipp for val av lærestoff, arbeidsmåtar, vurderingsformar og korleis tilpassa opplæring kan praktiserast i faget.
• Oppgåva tek utgangspunkt i ei praktisk pedagogisk utfordring der studenten syner evne og kompetanse i analyse og refleksjon kring praktisk lærararbeid.
Innhaldet i oppgåva:
Tema knytt til faget kan vere:
• Læreplananalyse
• Arbeidsmåtar / metodar / strategiar
• Vurdering
• Tverrfagleg samarbeid
• Tilpassa opplæring
Struktur på oppgåva
Didaktikkoppgåva skal vere forankra i praksis ved at studentane tar utgangspunkt i ein praktisk problemstilling knytt til planlegging og/eller gjennomføring av eit undervisningsopplegg. Oppgåva skal vere prosjektretta og problemstillinga skal drøftast i lys av relevant pedagogisk og fag- / yrkesdidaktisk teori og eventuelt innsamla data i praksisperioden.
1. Innleiing med problemstilling, definisjonar og avgrensingar
2. Metodedel (korleis ein vil gå fram for å belyse problemstillinga)
3. Teoridel (beskriving av teori som kastar lys over eller grunngir problemstillinga)
4. Drøftingsdel (drøfting av teori / eigen empiri opp mot problemstillinga)
5. Konklusjon ( Er problemstillinga belyst? Kan ein trekkje konklusjon på bakgrunn av drøftinga?
6. Eventuelt vegen vidare?
Når det gjeld det formelle rundt oppgåva:
• Om akademisk oppsett for oppgåveskriving finn du meir på
o http://www.hivolda.no/index.php?ID=12629&lang=nyn
• Innlevering er individuell og skal gjerast i innleveringsmappa i fagdidaktikkrommet i Fronter. Dersom oppgåva er felles for to fagdidaktikk-emne, må innleveringa gjerast i begge fagdidaktikkromma i Fronter

Subscribe to Posts [Atom]